Ikkje bygg ned lektorutdanningane
– Forslaget til nye rammeplanar kan svekkje både kvaliteten i lærarutdanningane og rekrutteringa til yrket, seier Olav Sandanger Myklebust, 1. nestleiar i Lektorlaget.

Illustrasjonsfoto: iStock
Publisert
Skrevet av redaksjonen
Det som skulle forenkla rammeplanane for lærar- og lektorutdanningane, har utvikla seg til ei forflating der lektorutdanningas særpreg og eigenart er sett i spel. Lektorlaget er kritisk til forslaga Faglig råd for lærerutdanning (FRLU) har fremja på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
– Skulen treng lærarar med sterk fagleg forankring. Integrerte lektorutdanningar og lektorar med fagmaster og praktisk-pedagogisk utdanning har vore ein garanti for dette. No står denne modellen i fare, seier Olav Sandanger Myklebust, 1. nestleiar i Lektorlaget.
– Svekkjer rekruttering
FRLU foreslår å samla alle lærar- og lektorutdanningar i «Lærerutdanninger for …». Det inneber blant anna at lektorutdanning for 8.–13. trinn slik vi kjenner denne, forsvinn som ein tydeleg kategori. Myklebust understrekar at dette ikkje berre er ei språkleg justering, men eit grep som påverkar både innhald, nivå og forventningar.
– Namn signaliserer kva slags kompetanse samfunnet kan forvente. Lektorutdanninga er kjenneteikna av solid fagleg fordjuping kombinert med profesjonskompetanse. Utdanninga gir også grunnlag for vidare akademiske løp i disiplinfaga. Om dette ikkje lenger blir synleggjort, svekkjer ein både fagleg eigenart og rekruttering, seier han.
Han viser til at studentar søkjer seg til lektorutdanning nettopp fordi dei er fagleg motiverte, og fordi utdanninga gir moglegheit til fordjuping i disiplinfag. Når ein toner ned denne profilen, fryktar han at færre vil velje lektorløpet.